kameleon quilt logo

Kathryn Elford og Mary Rosenau



Due dåpsbanner





Når eg har designa noko til ei spesiell kyrkje, brukar eg som regel ikkje oppatt dette designet til andre kyrkjer, og eg sel heller ikkje mønsteret til andre.

Men ingen regel er utan unntak, og dette tilfellet er eit slikt unntak.

Kathryn Elford frå Edmonton, Alberta, Canada, kontakta meg via e-mail denne vinteren. Ho var på leiting etter eit design til eit dåpsbanner som familien planla å gi til kyrkja til minne om dattera deira som nyleg hadde døydd av ein arvelig sjukdom berre 18 månader gamal.

Ho likte designet eg hadde laga til Berle Kyrkje, men det måtte forstørrast ein del for å passe til opphengsstativet i kyrkja deira.
Med god hjelp av andre medlemar i kyrkja, fekk vi omsider overført den forstørra fila i eit format som dei kunne opne og bruke. Familiemedlemar ga stoff, og banneret vart sydd og quilta av Mary Rosenau (til venstre på biletet over, Kathryn og ektemannen til høgre).

Den 7. juni 2009 vart banneret overrekt til Holy Spirit Lutheran Church i Edmonton, Alberta, Canada, til minne om Alana.
Kathryn, som forresten er av norsk herkomst, har sent meg alle desse bileta, og under er også ei oversetjing av stykket ho skreiv i menigheitsbladet deira.

Tusen takk til deg Kathryn, fordi du ville dele både bileta og historia di..














Banner Dedication

Dette dåpsbanneret, "Due", blir gitt til minne om vår høgt elska Alana Ruby Elford Nguyen.
Fødd 15. mars 07, døypt 16. september 07, død 19. september 08 (Zellweger's Syndrome).
Dette banneret er eit helande, visuelt og taktilt minne om dotter vår, og ei påminning om oppstandelseshåpet vi alle har i dåpen.
Ho er Guds barn, og vi skal sjå henne att. Eit banner kan kommunisere denne sanninga visuelt, akkurat som mangfaldet av sommarfuglar på veggane gjorde det under gravferda hennar. Det kjennest som ei stor ære at det skal ha sin heim i kyrkja.

Dette banneret heng i ei kyrkje til, i Norge, og var designa av Eldrid Røyset Førde. Stoff til banneret vart gitt av Alana sine familiemedlemar på bestemora si side.
Ein spesiell takk til quiltaren som holdt liv i prosjektet, Mary Rosenau. Hennar hjelp, glød og raske arbeid med dette prosjektet har vore rørande.

Takk til alle.

Kathryn Elford





Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting Teppe laga av andre| Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2009 Eldrid Røyset Førde