kameleon quilt logo

Sophie Smeenk



Sophie Smeenk frå Nederland kjøpte mønsteret til Ormen Lange for å sy ein quilt til sonen sin. For at quilten skulle bli stor nok, la ho til ein smal bord før ho bygde mønsteret vidare utanfor borden.

Under er eit foto av toppen før quilting:

Ormen Lange bargello quilt

Sophie skriv i ein e-mail til meg:

"Hallo Eldrid,

I fjor kjøpte eg mønsteret til Ormen Lange for å sy den til den 31 år gamle sonen min, som falt fullstendig for den då han såg den på nettet, og valde den ut som "sin" quilt.

Det vart eit "kjærleiksarbeid", som dei seier, - for eg har aldri før sydd ein quilt med så mykje organisering. Heldigvis, sidan eg er fødd i stjernetegnet Jomfruen, så er eg ganske ryddig, og no har eg gjort ferdig toppen. Eg tenkte du kanskje ville dele prosessen i bilde, så her er linken til albumet mitt:

http://photos.smeenk.biz/v/bargello/

Eg vil også dele ein spøk med dykk: ein gong medan eg var oppteken med å setje saman forskjellige strata i kolonnene, kom mannan min inn og spurte (heilt alvorleg): "Har du gjort så mange feil, for alt eg ser er at du spretter opp saumar og syr dei saman igjen?" :-)

Som de ser har eg lagt til ein smal mørkeblå bord, og deretter fortsatt med mønsteret utanfor borden, for å auke størrelsen. 6. april skal eg legge den saman med mellomlegg og bakstykke, og så vil den vere klar til quilting.

I alle fall, det har vore ei glede å lage denne, og å sjå mønsteret kome til live, i stoffa som Sander valde ut sjølv!

Mange takk for designet ditt!

Sophie Smeenk
The Netherlands "


Dersom du vil sjå heile prosessen i bilde, gå til Sophie sitt fotoalbum her:

http://photos.smeenk.biz/v/bargello/



Ormen Lange-mønsteret på nederlandsk fins her.








Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting Teppe laga av andre| Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2012 Eldrid Røyset Førde