kameleon quilt logo

'Kameleonquilt nr 3'


..sydd av Yvon Leuw, Nederland.

Dette er verkeleg ein av dei mest imponerande Kameleonquiltane eg har sett. Fargane i quilten lyser, og Yvon har og ei spesiell historie knytt til quilten.


Eg meinte eg kunne sjå frå bildet under at teppet var handquilta, og då eg spurte Yvon om det var tilfelle, fekk eg dette svaret:

'Ja, eg quilta den med hand, og utan quilteramme....
Sidan eg var ute for ei ulykke har eg ikkje vore i stand til å bruke quilteramme, - hendene mine toler det ikkje. I årevis har eg ikkje kunna handquilte sidan eg ikkje kunne arbeide utan ramme, men no har eg funne ein måte å quilte på utan ramme. Eg er så glad for det, og Kameleonquilten var den første quilten eg quilta med hand på denne måten....

Eg brukte over eit år fordi eg måtte stoppe kvart tiande minutt for å kvile hendene ei stund....men eg elskar å handquilte no. Dersom du ser godt etter, kan du sjå på quilten at somme stader er ikkje stinga små nok, men på slutten klarte eg å få små sting. Eg bryr meg ikkje så mykje om akkurat det, for eg er så glad for at eg kan sjå framgangen min i denne quilten.'




Sant å seie kunne eg ikkje sjå noko som helst gale med quiltestinga her. Eg er berre så imponert over alle som quiltar med hand, og ikkje minst på Kameleonquiltane som har ganske mange stofflag å quilte gjennom. Berre det er ein prestasjon i seg sjølv.









Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting Teppe laga av andre| Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2008 Eldrid Røyset Førde