Arbeid tidlegare under utforming - ferdig noFor tida (februar 03) arbeider eg med ny fane til skulen her i bygda. Det er eit spennande prosjekt der elevane teikna forslag til korleis fana skulle sjå ut, og ein komite valde ut det beste forslaget. Eit bilde laga av andreklassingane vart plukka ut som vinnarmotivet og presentert på 17. mai 2002. Motiv laga av 2. klasse Endeleg forslag Elevane i andre klasse hadde laga bildet sitt med å klippe ut og lime på kartong. Dette gjorde at det var lett å omarbeide motivet til applikasjon. Eg teikna fleire utkast med forskjellig bakgrunn og rammer, og på bildet over til høgre er det som vart valgt ut til slutt. Motivet skal applikerast på kongeblå fanesilke, eit stoff som er både lett og sterkt, og det er ganske dyrt, ca 2800 kr for meteren. Det tok derfor fleire dagar med oppmåling, merking, sjekking, dobbeltsjekking og trippelsjekking før eg kryssa alle fingrar og tær og tok mot til meg og klipte det opp. Heldigvis gjekk det bra! Her syr eg blada på treet ein mørk og regnfull februarettermiddag. Kjekt å jobbe med friske fargar då. Fana er no ferdig og kan sjåast på denne sida. |
|||
Go to English pages Heim Om meg Kameleon Quiltar Galleri Mønster til salgs Arbeid under utforming Inspirasjon Bubble Jet Set 2000 Data og quilting Teppe laga av andre Linkar |