kameleon quilt logo

Veggteppe med foto printa på stoff
Side 1


Alle veggteppa under inneheld foto som er printa på stoff.

Dette teppet har eg kalla "Reise, reiser, reist," og det handlar om reiser og det som har reist og er vekke. På denne sida kan du lese meir om teppet og sjå fleire detaljar.

Teppet er eit av fleire som vart laga som del av ei utfordring på Skandinavisk Art Quilt mailing-lista.



Vinterfiske fotoquilt

"Vinterfiske"
Dette er det andre teppet i serien som er basert på gamle foto innsamla av Bremanger Fiskarkvinnelag. Teppet skal vise kontrasten mellom før og no. Gå hit for å sjå meir om dette teppet.
Teppet vart valgt ut til utstillinga 'The Image and the Quilt' som var utstilt i Primedia Gallery i Golden, Colorado frå 2. november 04 til 28. januar 05.



Vår del av sølvet foto quilt

"Vår del av sølvet"
Her er det tredje teppet i same serien. Det er basert på eit foto av tre kvinner som tek del i sesongfisket på Bremangerpollen ein gong i 1920-åra.
Les meir om korleis dette teppet vart til.

Fane til Torvmyrane

"Fane til Torvmyrane"

Heile framsida på denne fana er printa direkte på bomullsstoff. Teksten er printa separat og sidan applikert på med symaskin.
Les meir om prosessen med å lage denne fana.




"I Hjertekammeret"
Dette er ein quilt i serien Kameleonquiltar der eg har brukt foto på stoff for å vise kva som er inne i hjertet.
hit for å sjå korleis hjertet åpnar seg.

No er det også utarbeidd norsk mønster til dette teppet.


Bodil

Dette teppet fekk søstera mi i 50-års-presang. Gå hit for å sjå nærare på teppet og framgangsmåten.

Reidun Her er det første veggteppet eg laga der eg brukte BJS til å printe på stoff. Det vart laga til ei god veninne i juni 2000. Du kan sjå eit større bilde her.


Fototeppe side 2
Fototeppe side 3
Fototeppe side 4


Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting| Teppe laga av andre | Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN


Copyright 2002-2005 Eldrid Røyset Førde