kameleon quilt logo

Messehaklar til Ålfoten Kyrkje


I den vesle bygda Ålfoten er der ei lita, gammal trekyrkje. Ifølge munnleg overlevering vart kyrkja bygd i 1610, så i 2010 er det då 400-årsjubileun for kyrkjebygget.

Soknerådet kontakta meg i 2007 med ønske om å få sydd ein grøn og ein kvit messehakel til kyrkja, og dei ynskte at desse skulle vere ferdige til jubileet. Før eg starta designprosessen, besøkte eg kyrkja og tok ein del bilete der.
Innvendig har kyrkja lafta tømmerveggar, og interiøret er umåla, bortsett frå preikestolen og den forholdsvis store altertavla.

Kyrkja har ein gammal, raud messehakel som framleis er i bruk. Soknerådet ynskte at dei nye skulle ha same storleik og nokolunde same fasong.
Utforminga av dekoren på dei nye messehaklane er i hovudsak som på den gamle: kors bak og stolpe med korte korsarmar framme. Desse er igjen delt opp i rektangel med forskjellig storleik og farge, inspirert av oppdelinga av altertavla.
Kvit messehakel
Grøn messehakel

Altartavla er like gammal som kyrkjebygget, men var (oppatt)måla i 1767. Under omvisning i kyrkja vart eg gjort merksam på ein litt merkeleg detalj:



Dei kvite ovalane som omkransar greinene på kvar side av altartavla, har nokre raude bær innimellom spiralane på sidene, oppe og nede. Har ein auge for detaljar, kan ein sjå at eitt bær, - og kun eitt, - er farga grønt i staden for raudt. Det er heilt nede i feltet til høgre.

Ingen veit sikkert kvifor eit bær er forskjellig frå dei andre, så ein kan berre gjette kva som kan vere årsaka til dette.
Uansett grunn så er dette eit særtrekk ved denne altartavla, som eg valde å gjenspeile i dekoren på den grøne messehakelen.



Ei av druene til høgre er grøn i staden for raud.








Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre | Gratis mønster | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til Gallerioversikt

TIL TOPPEN

Copyright 2011 Eldrid Røyset Førde