Her er veninnene inviterte til batikk-party. Det skal lagast t-skjorter med knyte-batikk. |
 |
Først måtte dei knyte trådar eller band fast rundt t-skjortene på forskjellige stadar. Litt av ein jobb, eigentleg, og sikkert den kjedelegaste delen. |
 |
Så kunne dei dyppe i fargebad, ta opp og sjekke fargen etter ei stund for å sjå om dei måtte farge meir eller kunne skylje. Og til slutt det mest spennande: fjerne banda og endeleg sjå korleis mønsteret vart. |
 |
Tid for litt godteri og å nyte resultatet av all jobbinga. |