"
kameleon quilt logo

Bremanger


Frå Hav til Bre
Applikert veggteppe,   1990,   160 x 190 cm.
Dette teppet handlar om Bremanger, kommunen på vestkysten av Noreg der eg bur.
Tittelen refererar til landskapet som er typisk for denne landsdelen: øyar og fjordar omkransa av bratte fjell med isbrear på toppane, alt innanfor eit relativt lite område. Det er faktisk muleg å bade eller fiske i sjøen og å klatre på isbreane i løpet av same dag.
ferry and legendary crossing Fiskebåten er plassert i sentrum fordi fisket er, og har alltid vore, ein viktig næringsveg på desse kantar. I åra før 1990 kom masse gytetorsk sigande inn i fjorden her, rett utanfor stovevindauga mine. Frå februar-mars og utover var det eit yrande liv på fjorden frå morgon til kveld.
Fjorden åpnar seg mot vest, og det er ingenting anna enn sjø mellom oss og Amerika. Vinterstormane kan vere ganske tøffe, sterk vind og høge bølgjer er vanleg i vintermånadane, og heller ikkje ukjent resten av året

Ferga og den "legendariske" brua over fjorden.
Revebjella er fylkesblomst for Sogn og Fjordane
Sidan Bremangerlandet er ei øy, er vi avhengige av båt for å bringe absolutt alt til eller frå. Ein ferjetur kan vere ganske sjarmerande og avslappande, men har også sine ulemper: du må vere der i tide, og den stoppar å gå eit visst klokkeslett om kvelden. Så når du ikkje siste ferja, må du stå landtroll til neste morgen.
Dette er nok grunnen til at dei fleste øysamfunn ønskjer seg fastlandssamband, og Bremanger er ikkje noko unntak frå regelen i så måte
I 1990, då dette teppet vart sydd, hadde det alt lenge vore planar om ei bru som skulle krysse fjorden, men det drog ut. Kvar gong politikarane handsama budsjett, kom ikkje prosjektet i posisjon, så eg syntest brua var liksom gullskatten ved enden av regnbogen: alltid like langt vekke.
Men den 12. juli 2002 vart første delen av Bremanger-sambandet, tunnell under sjøen og ei bru, opna med brask og bram.
witches on Hornelen På austsida av øya tårnar det legendariske fjellet Hornelen over fjorden. Kvar morgon passerar hurtigrutene her under fjellet, på veg til og frå Bergen.

Legenda seier at kvar jonsoknatt samlast heksene på toppen av Hornelen der dei dansar og elles tek seg til med det som hekser plar gjere når dei møtest, kva no det kan vere.
Det blir også sagt at Olav Tryggvason klatra opp den loddrette fjellsida for å berge ein av mennene sine som var komen i skorfeste.
Hornelen er danna av konglomerat, og kvart år fell større og mindre steinar ned i fjorden. Det er ikkje lurt å gå med båt for nær fjellet. På toppen er ein stor sprekk, og folk som bur langsmed strendene på andre sida av fjorden er redde for at toppen ein dag vil rase ned og lage store flodbølgjer, slik det har hendt andre stadar i landet opp gjennom tidene
industry based on hydroelectricity I fastlandsdelen av Bremanger kommune er smelteverket den viktigaste arbeidsplassen. Alt regnet som dett ned her saman med smeltevatn frå Ålfotbreen er grunnlag for vasskraftverk som er bygd her, og som igjen forsyner Elkem sin fabrikk i Svelgen.
Viljen til å legge vatn i rør har vore stor blant politikarar og folk flest.
Ein av våre lokale politikarar vart kjend bl.a. for sitatet: "Alt vatn som ikkje går i rør er ein uting"
Vatn i rør måtte difor vere med i bildet.
caravan in the fjord Åttitalet var pionertida for fiskeoppdrett her i landet, og i fleire og fleire fjordar låg det etterkvart oppankra oppdrettsannlegg. På vegen til og frå jobb køyrde eg forbi eit slikt anlegg. Det låg omtrent midt i fjorden, og like ved, sannsynlegvis på ein slags flåte, stod det ei campingvogn, som muligens fungerte som pauserom el.l.
Synet av campingvogna midt ute på fjorden var ganske komisk, så eg syntest ho fortente ein plass i bildet mitt.



Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting| Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til "Tidlege arbeid"

FRAMSIDA


TIL TOPPEN

Sidene ser best ut med ei oppløysing på 1024x768 eller høgare.

Copyright 2002 Eldrid Røyset Førde