Ein ny sportshall vart åpna i Bremanger i november 2006.
Bremanger Kunst- og Handverkslag bestilte eit teppe som dei ville gje i gåve til hallen. Teppet skulle henge i inngangspartiet, der dei hadde fått tilvist ein ca 5 m lang vegg til teppet (standard høgd 2,4 m)
I tillegg til sport vil også hallen huse mange andre kulturaktivitetar, så det var ønske om at motiva i teppet skulle reflektere mange forskjellige aktivitetar knytt til hallen. |
|
Veggteppet er delt i to panel. Tilsaman måler dei 2,75 m x 1,65 m.
Foto frå forskjellige lokale kulturelle aktivitetar vart printa på stoff og sette saman i to vertikale striper. |
|
I tillegg vart nokre større foto delt opp og printa på fleire av dei større rutene i teppet.
Ei smalare horisontal stripe inneheld bilde med motiv frå arbeidsliv i bygda før og no. |
|
Detalj frå nedste høgre hjørne. |
|
Dei to panela vart quilta med eit bølgemønster som minner om mønsteret i kommunevåpenet. |
|
Nokre lokale diktarar er med. |
|
Foto frå fiskeri og landbruk i forrige hundreår. |
|
Nokre bilde frå moderne fiskebåtar og fabrikkar. |
|
Sport og musikk. |