kameleon quilt logo

Kaleidokatt


Denne quilten sydde eg til eldste dattera og samboaren til jul i 2002.
Det er eit dobbelt sengeteppe på 230 x 230 cm.

kaleidoskopquilt med kattestoff    kattestoff
Mottakarane er katte-elskarar, så eg har samla kattestoff i nokre år med tanke på denne quilten. Der skal vere mellom 60 og 70 forskjellige stoff, nokre av dei kan sjåast på bildet til høgre (bildet er teke før quilting)
På baksida har eg i tillegg brukt foto av deira eigen katt og printa ut på stoff kombinert med forskjellige tekstar, bl.a. frå "Cats", - teater har vore ei anna stor interesse. Fann også nokre "Cat-haiku" (dikt) som eg broderte med symaskin rundt omkring på det svarte og blå stoffet.

baksida av kaleidokatt  Detalj av baksida med bilder av katten deira

Eit så stort teppe er ikkje så lett å handtere når ein skal quilte, så denne gongen valde eg å sende det til Kristin på Quilteverkstedet i Førde, og det har eg ikkje angra på eit sekund. Ho har gjort eit flott arbeid.

Meir om korleis eg har jobba med bilda før eg printa dei ut, kan sjåast på sidene omData og quilting.




Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

 

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til Gallerioversikt

TIL TOPPEN

Copyright 2002 2003 Eldrid Røyset Førde