kameleon quilt logo

Kinn


painting of Kinn by Karl Seim


Bestilt som ein bursdagspresang til ein person som har budd på øya Kinn, der motivet til maleriet er henta frå.
Eg fekk tilsendt foto av maleriet i ein mail, og vart øyeblikkelig begeistra for fargane. Gledde meg til å sy dette heile tida mens eg gjorde ferdig ein del andre prosjekt some var før i køen.
choosing fabrics


Fotoet vart printa ut i all sin fargeprakt og hengt bak sybordet.
Så var det å leite gjennom stoffsamlinga etter stoff som kunne passe.
Batikkstoff gjer seg godt til landskap.
cutting shapes for Kinn


I Corel Photo Paint brukte eg eit filter kalla Edge Detect for å framheve konturane i landskapet. Dette vart printa ut speilvendt i A3 format, og eg gjekk så over hovudlinjene med ein tusj.
Dette brukte eg så til å teikne over på vlisofix, som igjen vart festa på stoff, klipt ut og sidan festa på eit stoffunderlag.

Her tek himmelen og fjella form.



Kinn sea and rocks


Her blir stoffbitar til sjøen, steinane og speilbileta prøvd ut.
Det hjelper å fotografere underveis for så å kunne sjå det på dataskjermen, - ein får litt 'avstand' til arbeidet på den måten.
Eg måtte gjette meg til detaljane som var skjult bak refleksen av blitslyset.


Kinn more reflections


Prøvar ut meir av speileffektane i vatnet.

Sidan maleriet har ein del kraftige konturar, valde eg å sy hovudformene i landskapet med tett sikksakk og deretter sy med frihand dei mindre detaljane.
Kinn finished


Bildet fekk ei mørk ramme før det vart quilta og sett på grøn lukkekant.




Tilbake til Galleri framside





Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre | Gratis mønster | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til Gallerioversikt

TIL TOPPEN

Copyright 2005 Eldrid Røyset Førde