| |
|
Mosaikksirklar
 |
Dette veggteppet på ca 48 x 48 cm er resultat av eit eksperiment, som eg synest vart ganske bra til slutt.
Designet er inspirert av ein skulptur dekt av mosaikkbitar som eg såg i Murmansk sommaren 2007, samt av ein installasjon som heng i Operahuset på Nordfjordeid. Denne er sett saman av gjennomsiktige sirkelforma plater dekt med ein folie som reflekterar lyset i eit mangfold av fargar.
Meir om inspirasjonen til teppet kan lesast på bloggen min.
I dette teppet ville eg prøve korleis eg kunne lage sirklar som gav inntrykk av både å overlappe kvarandre, og å vere gjennomsiktige.
Utifrå erfaringane eg gjorde meg, har eg skrive eit sett instruksjonar, samt teikningar til sirkelmønsteret eg brukte. Desse kan lastast ned som pdf-fil, men førebels berre på engelsk. Mønsteret finn du her.
Under er bilete som viser fleire detaljar frå teppet. |
 |
 |
 |
|
|