| |
|
Over Nordkalotten
 |
Sommaren 2007 inviterte eldste syster mi mor vår, yngste syster og meg på biltur over Nordkalotten, - frå Kirkenes over Kolahalvøya via Murmansk og ned til Kvitsjøen, derifrå vestover att heilt ut i Lofoten.
Då yngste syster fyllte 50 i august, ville ho bruke bursdagspengane på ei quilt som inneheldt minne frå denne turen.
Inne i mosaikkbitane er der mange bilde av minneverdige ting vi såg og opplevde, og også nokre av dei uforgløymelege måltida.
Vi skreiv blogg under og i etterkant av turen. Bloggen har mange foto, også ein del quilterelaterte.
Under er nokre nærbilde av quilten. |
 |
 |
 |
|
|