| |
|
Mønster som kan lastast ned
Les informasjonen nedanfor før du bestiller
Alle prisar er i Norske Kroner
All betaling for nedlastbare mønster skjer gjennom PayPal. Dersom du ikkje har PayPal-konto, kan du betale direkte med bankkort (Visa, Mastercard) til PayPal ved utsjekkinga. Utsjekkingsprosedyren er på engelsk.
Kundar i Noreg som ikkje vil bruke PayPal eller bankkort, kan sende ein e-mail, så kan vi avtale andre alternativ.
Slik verkar det:
Klikk på Kjøp-knappen til den vara du vil ha. Følg instruksane vidare i utsjekkingsprosedyren i handlekorga og betal til/via PayPal. Etter at betalinga er registrert, klikk på knappen som seier: "Gå tilbake til forhandlar". Du vil då kome til ei side med ein link vidare til nedlastingssida for mønsteret (eller mønstera) du har bestilt. Du vil også få ein e-mail med link til denne sida. Linken vil slutte å virke etter 24 timar, så pass på å laste ned og lagre mønsteret på maskina di før det.
Mønstera er i pdf-format, så du vil trenge Adobe Reader installert på maskina di for å åpne dei.
Pass på å fylle ut e-mailadressa rett sidan det er einaste opplysninga vi har for å kunne kontakte kjøparane.
Dersom det er problem, kontakt oss på aefoerde krøllalfa online.no Bytt ut ordet krøllalfa med @, og skriv adressa utan mellomrom.
Mønstera på papir og stofftrykk blir selde gjennom ei handlekorg med utsjekkingsprosedyre som er separat frå nedlastingsmønsera. Dei må difor bestillast separat.
Papirmønster og stofftrykk finn de her:
Papirmønster
Stoffprint
Mønster på engelsk/tysk/nederlandsk.
Nedlastbare mønster:
(Desse fins kun i filformat til nedlasting og er for tida ikkje tilgjengelige som papirmønster.)
Mønstera er kun til privat bruk for kjøparen. Takk for at du respekterar kopirettane!
Sjekk handlekorg
Nr 201n
Somersetpute
Tommemål (inch)
Pris kr 70.00
|
Pute ca. 16 x 16 tommar
Teknikk: Somerset Patchwork, - ein gammal tradisjonell bretteteknikk.
Til mønsteret trengs 25-50 cm av 5 forskjellige stoff pluss bakside til puta.
Mønsteret har 10 sider med detaljerte steg for steg teikningar og tekst på norsk.
Alle måla er i tommar (inch). Sjå nedanfor for mønster med cm-mål.
Fila er ca 2,2 MB
Pris kr. 70.00
|
Sjekk handlekorg
Nr 201ncm
Somersetpute
Centimetermål (cm)
Pris kr 70.00
|
Pute ca. 40 x 40 cm
Teknikk: Somerset Patchwork, - ein gammal tradisjonell bretteteknikk.
Til mønsteret trengs 25-50 cm av 5 forskjellige stoff pluss bakside til puta.
Mønsteret har 10 sider med detaljerte steg for steg teikningar og tekst på norsk.
Alle måla er i centimeter (cm). Sjå ovanfor for mønster med tommemål.
Fila er ca 2,5 MB
Pris kr. 70.00
|
Sjekk handlekorg
Item no 202tn
Flygande Hjerte
Kun mønstersjablongar
til 8 og 12 inch blokker
Pris: kr 45.00
|
Den tradisjonelle blokka "Flygande gjess" er inspirasjonskilde for quilten "Flygande Hjerte". Blokkene med hjerte i bogar kan snuast og vendast slik at det er mange utsjånader å velge mellom.
Dette er fortsatt eit arbeid under utforming, og det fullstendige mønsteret er ikkje tilgjengeleg enno.
Men sidan dette er ei ganske enkel blokk å sy, er det nok ein del av dykk som ikkje vil ha problem med å sy ein quilt av denne blokka utan detaljerte instruksjonar. Eg vil derfor legge kun mønstersjablongane ut for salg her i ein avgrensa periode, og til ein lavare pris.
Dei vil bli erstatta av det fullstendige mønsteret når det er klart.
Pdf-fila har 7 sider med mønstersjablongar i full størrelse til både ei 8 inch og ei 12 inch blokk. Hjerta i sirkelbogane har nummererte sjablongar for papirsying (sying på underlag).
Filstørrelsen er ca 0,9 MB
NB: Dette er kun mønstersjablongane, - ingen opplysningar om stoffbehov eller instruksjonar om samansying og quilting.
Pris kr 45.00
Sjå fleire mønstervariasjonar og fargar her.
|
Sjekk handlekorg
Papirmønster
Stoffprint
Mønster på engelsk/tysk/nederlandsk.
|