Berle Kyrkje |
Veggtepper og tepper til preikestol, lesepult og døypefont. | |
Veggteppe: "Den gode hyrdingen" 110 x 170 cm |
Veggteppe: "Dei ti brurmøyane" 110 x 170 cm |
Motiva til dei to veggteppa er henta frå to av Jesu likningar: Den gode hyrdingen som forlet dei 99 sauene i flokken for å leite etter den eine som er bortkomen, og dei ti brurmøyane som ventar på brudgomen, dei fem gode som er førebudde og har olje på lampane, og dei fem dårlege som ikkje er førebudde.
Då eg "bygde" bakgrunnen til dette siste teppet var det nesten freistane å stoppe før det var ferdig, for mønstert i bakgrunnen danna ganske interessante former på design-veggen. Gå til DENNE SIDA for å ta ein kikk. | |
Teppe til lesepulten: "Druer" 40 x 60 cm |
Teppe til preikestolen: "Korn" 45 x 65 cm |
Teppe til døypefonten: "Due" 30 x 40 cm |
Desse fem arbeida vart designa, godkjende og sydde i løpet av ein periode på 3-4 år. Det er mange instansar som skal gi si godkjenning, så slike prosjekt tek ofte lenger tid enn ein trur frå byrjinga og til alt er ferdig.
Ynskjemålet frå kyrkjelyden var å få meir fargar og fleire symbol inn i kyrkjerommet. Dei siste stinga vart sydde i januar 2002, og teppa vart opphengde til 25-års-jubileet for kyrkjebygget, som vart feira 1. pinsedag 2002. Dei to bilda under viser interiøret i kyrkja. |