Ormen den Lange |
> | |||
Velge ut stoffa. Eg måtte ha to forskjellige seriar med gradering frå gult til orange/rust, med 12 stoff i kvar.
Den eine serien i litt skarpe fargar til den fremste "snurren", og den andre noko mørkare til den bakerste "snurren". Det var ikkje enkelt å finne så mange gule stoff i den "rosa og blå perioden". Til bakgrunn trong eg forskjellige lilla/rosa/burgunder stoff. |
|||
Kutte strimlar, sy saman til sett, og kutte igjen. | |||
Her blir den fremste "snurren" bygd opp på design-veggen. | Her tek den bakerste "snurren" form. | ||
Så blir bakgrunnen bygd opp litt etter litt. | Her er bakgrunnen ferdig. Framleis er alt berre festa med nåler til veggen. | ||
Nokre av bitane vart spretta ut og erstatta med bitar i forskjellige lime-grøne fargar, som dannar den lange "ormen". Så vart toppen sydd saman, og deretter quilta med maskin. | Detaljbilde av den ferdige quilten. | ||
Mange har spurt etter mønster til dette teppet, og no er det endeleg klart og kan bestillast her. |