| |
|
Julie frå Idaho fortel historia om sin Kameleonquilt
'' Quilting var nytt, - eg hadde halde på berre omlag 6 månader då mannen min Glen og eg besøkte ei quilteutstilling i byen Emmet i Idaho, USA.
Vi såg Kameleonquilten "Natt og Dag" utstilt i ein av butikkane, og vart oppslukt av den. Seinare då Glen spurte meg kvifor eg ikkje kjøpte mønsteret, skjøna eg at han var verkeleg interessert i den.
Eg tenkte at eg kunne aldri klare å sy ein så komplisert quilt. Eg slo opp og fann butikken, "Two Sisters", nokre få veker seinare, og gjekk inn og såg på quilten igjen.
Mor mi driv også med quilting, og eg prøvde å forklare quilten for henne, men ho greidde ikkje å sjå føre seg ein quilt som kunne skifte fargar etter at den var ferdig. Ho kom og besøkte meg den sommaren, og igjen besøkte vi ''Two Sisters'' quiltebutikken.
Eg viste henne teppet, og kjøpte mønsteret.
Ivrige etter å prøve dette, reiste vi heim og studerte instruksjonane. Neste dag var Glen, mor mi og eg i stoffbutikken for å velge stoff. Raudt og svart har vore ''vårt tema'' ei stund, så vi starta der, og med dei utvalde stoffa skunda vi oss heim klar til å starte.
|
|
|
Vi var ein ambisiøs gjeng. Vi studerte stripesettmetoden og bestemte oss for å sy quilten på den måten. Då kunne vi få to Kameleonquiltar av stoffa, - ein med omvendte graderingar.
Vi sydde alle blokkene til 2 quiltar, og kutta flippane til ein. Flippane var litt avskrekkande for meg.
Enda etter eg hadde funne ut den beste måten å sy dei på, vart det utsett og utsett.
Neste sommar kom mor mi på besøk igjen, og ho oppmuntra meg til å gjere ferdig flippane.
Så måtte flippane quiltast, og igjen utsette eg prosjektet til eit nytt besøk av mor mi var i vente. Eg quilta ferdig flippane, og medan ho var her, sydde vi saman toppen og merka opp quiltemønsteret. Nå var eg i gang, og fekk unna quiltinga ganske raskt. |
Det neste som måtte taklast var valg av knappar. Eg kunne ikkje finne knappar som eg likte, og ville helst sleppe å lage stofftrekte knappar, men til slutt valde eg likevel det som det beste alternativet. Eg fekk hjelp an dattera mi, Jordanne på 5, og ho likte godt å hjelpe til med å trekke knappane. Eg sydde dei på, og quilten var endeleg ferdig.
Det tok nesten to år frå start til ferdig quilt.
Det var ei ordentleg utfordring, og eg føler at eg verkeleg har oppnådd noko. Eg trur det var naivt å prøve seg på dette prosjektet, men eg er veldig fornøgd med resultatet. Mor mi er stolt over det eg har fått til, og har meldt på quilten til ei utstilling i heimebyen min i NY neste veke.
Eg har no starta på flippane til den andre quilten, og er ivrig etter å sjå korleis den vil bli.
Takk for at du har lage eit så interessant design og mønster, eg har lært veldig masse''.
Julie
Julie har nettopp informert meg om at denne quilten vann publikumsprisen for små teppe i Tug Hill Quilters Quilt Show i Lowville, New York i September 2004.
Gratulasjonar til Julie!! |
|