|
Til venstre er utsikt frå Torvmyrane, som er namnet på skulen i eit nytt byggefelt i Florø. Namnet har skulen og området fått fordi det her vart skore torv til brensel i tidlegare tider.
På møte med komiteen som hadde ansvar for å få fana på plass, fekk eg ein del nøkkelord å arbeide ut ifrå. Eit av orda var 'myrull', som eg valde å ha som utgangspunkt i første omgang.
|
|
Eg starta med å fotografere myrull både ute og inne, i forskjellig lys og mot forskjellig bakgrunn. Deretter valde eg ut nokre bilder som eg jobba vidare med, eller, på dette stadiet, tenkjer eg heller på det som å 'leike med' bileta.
|
Eit av bileta som hadde ein orange bakgrunn vart gjort sirkelforma og det vart lagt på skugge slik at det såg meir kuleforma ut og likna på ei sol eller ein glødande ball. Dette gjorde eg i Corel Photo Paint.
|
|
|
Bak dette sirkelforma biletet la eg eit rektangel fyllt med farge gradert konisk frå gult til orange. Eg likte effekten av ein glødande 'aura' rundt solkula. Dette vart gjort i Ccorel Draw.
|
Eit råd eg alltid prøver å følgje når eg 'leikar' slik som dette er å LAGRE SOM!! På kvart stadium der du likar det du ser: LAGRE SOM med forskjellige filnamn.
Ein kan samanlikne denne prosessen med 'brainstorming' prosessen når ein skriv: alle flygeidear blir notert, og ein kan gå tilbake og plukke og organisere det ein vil bruke vidare.
Når ein 'leikar' slik som dette kan det vere vanskeleg å gå tilbake til start og duplisere prosessen i tilfelle noko går gale undervegs, så det er alltid ein god ide å lagre forskjellige stadium. Alt som ikkje blir brukt til slutt, kan slettast seinare.
|
|
Dette biletet vart utgangspunkt for nokre av landskapsteksturane i den ferdige fana. Eg brukte 'tryllestaven' i Corel Photo Paint for å maskere og fjerne enkeltfargar og fargegrupper i fotoet.
|
|
|
|
Til venstre er to maskerte variantar av biletet ovanfor plasserte oppå to rektangel, - det øvste rektangelet er delvis transparent, - berre for å sjå korleis det ville ta seg ut. No er eg tilbake i Corel Draw-programmet igjen.
|
På biletet under er brukt ein liknande maskeringsprosedyre for å fjerne snøen frå landskapet slik at berre ein 'landskapsstruktur' er att. |
>
|
|
På biletet under til venstre er nokre av eksperimenta over sette saman til noko som byrjar å likne på det ferdige produktet.
Til høgre er den ferdige tegninga til fana med måse, tre, leikande barn og tekst. Dette vart så printa direkte på stoff. Sjå også fotoet på toppen av sida, som og var del av inspirasjonen. |
|
|
Sjå på Bubble Jet Set sidene for å lese meir om korleis printinga og syarbeidet gjekk føre seg. |