kameleon quilt logo

Trekant-kalkulator



square in square block Det vesle Java-programmet nedanfor kan hjelpe deg å rekne ut størrelsen på trekantane 1 - 4 i blokka til venstre.
Du treng å vite måla på sidene til kvadratet i midten, som er merka med 0 (ferdig mål). Skriv dette talet inn i feltet til venstre på kalkulatoren og klikk på Rekn ut-knappen. Måla på kortsidene til trekantane 1 - 4 vil vise i felta til høgre. Dette er også ferdig mål på kvadrata du treng for å kutte trekantane.
Hugs å legge til saumrom før du kuttar kvadrata og trekantane, sjå nedanfor.


step by step setting triangles



Kalkulator

Bruk . (punktum) i staden for , (komma) når du skriv inn desimalar, elles vil ikkje programmet fungere.

Java applet laga av Ellinor Førde. Dersom du syntest det var nyttig,





Måla som kjem fram til høgre vil nokre gonger innehalde desimalar. De som arbeider med tommemål (inch) vil måtte gjere om desimalane til brøk.
Bruk tabellen nedanfor. Dersom du ikkje finn det nøyaktige desimaltalet så gå til det som er nærast over det talet du har - då vil ikkje trekantane bli for små. (Om dei blir litt store, kan dei alltids reinskjerast etterpå).



Omrekning av desimalar til brøk

Desimalar .0625 .125 .1875 .25 .3125 .375 .4375 .5 .5625 .625 .6875 .75 .8125 .875 .9375 1.000
*/16'' 1/16" 2/16" 3/16" 4/16" 5/16" 6/16" 7/16" 8/16" 9/16" 10/16" 11/16" 12/16" 13/16" 14/16" 15/16" 16/16"
*/8''   1/8"   2/8"   3/8"   4/8"   5/8"   6/8"   7/8"   8/8"
*/4''       1/4"       2/4"       3/4"       4/4"
*/2''               1/2"               2/2"
                                1"



Legge til saumrom


 cut half square triangles Resultata du får i kalkulatoren er ferdige mål for kvadrat som trekantane blir kutta frå.
Før du kuttar kvadratet må det leggast til så mykje til måla på kvadratet at begge trekantane får nok saumrom.
Kor mykje som må leggast til er avhengig av kva saumrom du brukar når du syr.

Dersom saumromet ditt er 1/4'', så må du legge til 7/8'' til dei utrekna måla før du kuttar kvadratet.

For metriske mål:
Legg til 1,7 cm dersom du brukar saumrom på 0,5 cm
Legg til 2,56 cm dersom du brukar saumrom på 0,75 cm



Blokker med meir enn fire runder med trekantar:


Studer svara du får i kalkulatoren ovanfor. Legg du merke til eit "mønster" i talrekkja?
Kan du sjå at måla for kvadratet til trekantane i runde 2 er identiske med kvadratet i midten (kvadrat 0 på teikninga), og at runde 4 er det dobbelte av runde 2?
Sameleis er trekantane i rekkje 3 dobbelt så store som trekantane i rekkje 1. Føl ein dette mønsteret vidare, vil trekantane i rekkje 5 vere det dobbelte av rekkje 3. Rekkje 6 vil så vere det dobbelte av rekkje 4 .... ...og så vidare.

(Svar som inneheld desimalar vil ikkje vise nøyaktig dobbelt fordi nokre desimalar har blitt runda av under utrekningane).



Setje ei blokk på skrå

block on point Dersom du skal setje ei blokk på skrå, treng du berre den første runda med trekantar.
Dette vil også vere størrelsen på hjørnetrekantane i ein quilt med blokker på skrå.
I begge tilfelle: hugs å legge til saumrom.




Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster 

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting Teppe laga av andre| Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2004 Eldrid Røyset Førde