Dette teppet laga eg til ektemannen sin femtiårsdag i vår. Den fortel litt om forholdet vårt og korleis det har utvikla seg fram gjennom åra.
Nokre av tankane er også relevante for alle mellommenneskelege forhold.
|
|
Hjertet er lukka. |
|
Vi møtest, og blir forelska. Hjertet åpnar seg og står plutselig i full blomst. |
|
Det tek ikkje lang tid å erobre det første vesle hjørnet av hjertet mitt.
Dette er også det første bildet han gav meg då han var berre 17, framleis i den originale papp-ramma, men ganske flekkete etterkvart. |
|
Eit nytt rom åpnar seg, - lenger inne i hjertet. |
|
Ikkje alle hjerteklaffane kan åpnast på same måte, der er forskjellige prosedyrar, og nokre tek både tid, tolmod og fingerferdigheit. Dei ligg og lagvis, så rekkefølgja er ikkje tilfeldig. |
|
Med tolmod og utholdenheit kjem ein til slutt til det innerste hjørnet i hjertet. |
På begge sider av hjertet er der rektangulære log cabin blokker i court house steps-varianten. Både hus og forhold må byggast stein på stein, eller stokk på stokk, ingenting blir til av seg sjølv, og det må haldast ved like.
No er det også kome norsk mønster til dette teppet.
|