Hjerteblokk med fotoDet første gratismønsteret på desse sidene er blokka "Crazyhjerte med foto" Blokka er sydd på papirunderlag i to seksjonar, kvar side kan innehalde eit foto overført til eller printa på stoff. Bruk den metoden som passar best for deg til å overføre eller printe foto på stoff. På Link sida mi er ei lita samling linkar til andre webstader som har meir informasjon om printing på stoff. Gå nesten ned til botnen av sida, sjå under Foto på stoff. Sjølve blokka ser slik ut: Den kan monterast på forskjellige måtar, nokre få eksempel er vist nedanfor. Klikk på linken nedanfor for å få fram instruksjonar og sjablongar som kan printast ut, . Du treng Adobe Akrobat Reader for å kunne sjå denne fila. programmet er gratis og kan lastast ned her. PDF fil med framgangsmåte og mønstersjablongar For å få nøyaktig størrelse når du printar sjablongane, må printeren vere innstilt på å printe 100% (ikkje forminske eller forstørre eller "tilpass til siden") Dersom du vil forstørre eller forminske blokka, kan du bruke kalkulatoren på denne sida til å rekne ut størrelsen på trekantane rundt. Ekstra bonus!! - for alle dei som har kjøpt mønsteret til Kameleonquilt nr 4 . Blokka kan kombinerast med dette mønsteret, og kan vere i staden for det innerste hjertet med dei seks små klaffane. Mønsteret til Kameleonquilt nr 4 kan framleis kjøpast her. |
|||
Go to English pages Heim Om meg Kameleon Quiltar Galleri Mønster til salgs Arbeid under utforming Inspirasjon Bubble Jet Set 2000 Data og quilting Teppe laga av andre Gratis mønster Linkar |