kameleon quilt logo

Teppe laga av andre


Her kan du sjå bilde av teppe som andre har laga frå mønstera mine, eller på kurs.

Send meg gjerne bilder dersom du vil vise arbeida dine her.

No er her også ein seksjon med foto av elevarbeid frå det nettbaserte bargellokurset mitt.

Dei siste åra har eg også teke imot bestillingar av foto printa på stoff, og har sett opp ei side der ein kan sjå nokre av kundane sine ferdige arbeid.



Online Bargellokurs

Arbeid der det er brukt foto på stoff



Klikk på linkane under for å sjå større, eller fleire, bilde av arbeida.


Ormen Lange bargello quilt


Sophie Smeenk

Ormen Lange bargello quilt der mønsteret fortset utanfor borden



Kathryn Elford og Mary Rosenau

Ei spesiell historie



Uta Bensel og kursdeltakarane hennar.



Karin Börjesson


Catherine Elliot frå Arkansas har posta foto av sin variant av Kameleonquilten på bloggen sin.





Linda O'Keeffe
nine patch kamaleon


Yvon Leuw



Greetje Hein sin versjon av Ormen Lange
ester bruvik blålys





Ester Bruvik
marianne gutter kameleon 2





Marianne Gutter
Greetje Heins kameleon quilt 'Night and Day'





Greetje Hein
Veronas kameleon quilt 'Night and Day'


Verona frå BC, Canada, har sydd denne fargerike quilten. Klikk på bildet for å sjå eit større foto av quilten.



Julie i Idaho har fullført sin 'Natt og Dag' i omvendte fargar. Gå hit for å sjå begge to side ved side.




kameleon quilt in reverse colours


Christine Bresso Kameleonquilt no 2   Kameleon quilt no 2 by christine Bresso Christine Bresso frå Frankrike har sydd denne versjonen av Kameleonquilt nr 2.
Klikk på bileta til venstre for å sjå fleire og større bilder av quilten.





Grethe Lund frå Ålesund har lagt ut bilete av sin Kameleonquilt nr 1 i avdelinga for quilting på heimesida si.

Bidwell C Drake frå Houston, Texas, gjorde om Ninepatch Kameleon til eit dobbelt sengeteppe. Klikk på bildet til høgre for å sjå heile teppet.nine patch kameleon sydd av Bidwell C Drake




kameleon quilt made by Julie in Idaho
Julie i Idaho hadde starta å sy patchwork og quilting for berre 6 månader sidan då ho ga seg i kast med denne versjonen av ''Natt og Dag'' til venstre her.
Klikk på biletet for å lese historia om korleis ho takla denne oppgåva.
Julie vann publikumsprisen for små teppe i Tug Hill Quilters Quilt Show i Lowville, New York i September 2004.


Av og til lurer eg på kva det er med dette designet som apellerer så sterkt til ektemennene.
Eg får stadig vekk tilbakemeldingar som indikerar dette, også frå ei utstilling nyleg der dei ''kvithanska'' damene (utstillingsvaktene) fortalde meg etterpå at med denne quilten var det dei medfølgande ektemennene som var ivrigast etter å få quilten fotografert. Dersom dei ikkje tok bilete sjølve, sjekka dei at konene ikkje gløymde det: ''Har du huska å ta av denne?'' ''Ikkje gløym å ta bilde av denne her.''
Ein kan berre lure.


Lies Bos frå Nederland brukte si eiga fargesetting og sydde denne vakre Ninepatch Kameleon quilten. Klikk på bildet for å sjå fleire variasjonar av teppet hennar, og besøk heimesida hennar og sjå fleire teppe som ho har sydd.



nine patch kameleon lies bos


Karin Fristedt


Karin Fristedt frå Västerås, Sverige, har sydd denne flotte "Natt og Dag"-quilten.
Eg synest den tok seg flott ut i dei grøne omgivnadene i hagen hennar.
Karin stilte ut teppet sitt på "Rikstäcket" sitt årsmøte i oktober 2002, og ho skriv at det var "många som beundrade den, fotoblixtarna blixtrade många gånger".



Nancy Chan sin quilt Detalj
Nancy Chan er medlem i Fraser Valley Quilters' Guild i British Columbia, Canada. Ho såg Kameleonquilt nr 1 på utstillinga i Santa Clara, California i 1999, kjøpte mønster og sydde denne quilten. Dei blå stoffa ho har brukt gjer at dei gulorange stoffa lyser opp med ein ekstra glød. Ho deltok i utstillinga deira i 2001 og dette teppet vann to førstepremiar. På lista over alle vinnarane her kan de sjå at denne talentfulle dama også henta heim endå fleire premiar.








Kameleonquilt nr 2 'Jula varer heilt til påske' Kameleon quilt nr 2 'Jula varer heilt til påske'
Her er det Karin Fristedt frå Västerås, Sverige, som har sydd Kameleonquilt nr 2 "...og jula varer heilt til påske". Kameleonquilt nr 2 'Jula varer heilt til påske'

'Kameleonquilt nr 1' laga av Linda Clark
Linda Clark frå Nord Dakota USA har sydd denne varianten av "Natt og Dag" - teppet. Ho fekk masse fine kompliment frå slekt og venner, og mannen hennar er heilt fascinert over å finne stadig nye kombinasjonar.

Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre| Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2002-2012 Eldrid Røyset Førde